En fantastisk gladmelding fra Ahri og hennes kjærlige flokk❤️

Nydelige Ahri stortrives sammen med ny flokk. Her er en fantastisk oppdatering og hyggelig oppmuntring til oss på Solplassen.

Hei! Før jul var me så heldige å få overta Ahri. No har det gått ein månads tid og her kjem rapporten:

Alt vel! Ahri har funne seg til rette, lagt på seg eit par manglande kilo og fylt 2 år. Ho er utruleg snill og lærenem- men har ikkje gløymt ho stammar frå jakthundar- det merkast på tur😅Men, mandag skal ho på hundekurs og læra seg den edle kunsten å gå i band- og litt til får ein tru.

Eigarar og hund har det godt i lag, så langt me kan sjå trives ho like godt med oss som me med henne. Sosialt har ho fått seg ein ven og forstått korleis ein leikar ilag. Det er ein fryd å sjå! Elles er ho glad i å vera «levande blomsterpotte», dvs ho sitte gjerne for seg sjølv i vinduet og fyljer med på alt som rører seg i parken men best er det om ho har med ein av oss som støtte

😅. Tusen takk for jobben de gjer på Solplassen og takk for at det finnes ansvarlege eigarar som vil det beste for hunden sin sjølv om det så klart er vondt å omplassera ein ven. Me gjer vårt beste for å vera tilliten verdig!